fredag 1. april 2022

Fargespel






den vesle bekken
og sola
laga kunstverk
neonfargar
former
regnbogar 
forestillinga varte lenge
heilt til blåtimen starta
eg vart kald
og våt
og glad

tirsdag 1. februar 2022

HAV



eg blir ikkje lei av det, havet
uendeleg, vakkert, stille, rasande, livsfarleg, fullt av liv
lyset som skiftar
regn, skodde, sol, snø, storm, sjøsprøyt, salt







og så den vesle fjæreplytten
som spring rundt der båra smell mot land
leitar etter mat 
lynrask, lurer alltid skumsprøyten


blågrøne tonar, turkis og kvitt, 
finaste fargepaletten


kjenner at eg lever
at vinden tek tak 
eit smell 
ein eksplosjon av vatn og skum

små menneske
kanskje det er det
godt å kjenna at ein er så liten
at her er noko større







 

lørdag 30. oktober 2021

Gull







små smykke
skjøre
gule
snart borte
midt i storm og regn ligg dei der og lyser
minnar om det skjøre livet
alt det vakre 
som snart tek slutt
minnar om å ta imot 
leite etter gull 
i kuling og plaskregn

søndag 14. juni 2020

Kortreist lukke i Hardanger


Draumen vart levande. To karar sykla frå Bergen onsdag morgon, kom fram til Hardanger ved middagtider. Litt tilfeldig hamna vi på Nestunet gard. Vart motteken av bonden, som beklagde seg over at ikkje graset var slått, og fortalde og fortalde om gamle hus, om store hole eiketre som grisane gøymde seg i, om slåtteenger av gamal sort som måtte stellast på særskilt vis, om å plukke blåveis oppe i lia om våren, om eit klyngjetun på 18 hus, og mykje mykje meir.
Vi fekk losji for ein billig penge. Eit heilt hus med fire soverom, kjøkken, bad og to stover. Utanfor døra vaks der liljekonvall, i trea song fuglane, og bystresset ramla av oss frå første stund.

Vi tusla rundt mellom gamle epletre, i fordums blomsterenger.
Her vaks så mykje vakkert og så mykje rart.

Dette er gras, hjartegras. Så vakkert. Det veks i slåtteenger. Men nesten alle dei er borte. Langorven og riva er bytt ut med forhaustar og traktorar. For at slåtteengene skal bli artsrike må ein tørke høyet på bakken, snu det, rake i såter og breie det ut om morgonen. Då får alle blomane frøa seg skikkeleg og nye kan koma neste år. Dette lærte vi også av bonden på Nestunet gard.


Neste dag. Vakne i det stille vakre rommet med utsikt mot edellauvskog og snødekte fjell i det fjerne. Finne fram gode bøker, bibel og djupt tenkte skrifter. Bruke lang tid på å vakne og lese, fordøye levd liv og stake ut ny kurs. Ein slik stad smittar av lyst til å leve og forstå.


I kveldinga stige opp til ein vidunderleg fjelltopp. (Vesoldo 1046m). Prate, sveitte, gå, sjå, puste, ligge i lyngen og sjå på skyene, fotografere, oppdage, kjenne varm sommarluft mot nakne legger. Vi møtte to menneske på åtte timar. Koronaviruset må gi opp for slike vakre fjelltoppar.


Etterkvart som sola kom lågare og lågare på himmelen vart lyset finare og finare for å fotografere, feste noken inntrykk av alt det som finst der oppe. Ta det med heim og la det fortsetje å leve.


Primula scandinavica, fjellnøkleblom, ein sjeldan vakker liten blom som vaknar i fjellet like etter at snøen har smelta. Derfor er det ikkje så mange som får den med seg. Den får siste ord i denne vesle soga. Med all sin ynde fortel den historiar som er verdt å ta med heim til Bergen.

onsdag 5. desember 2018

novemberlys








Frostnetter
strør sine vakre krystallar 
over alt brunt, grått og vissent.
Finn fram det beste
i triste bladlause tre.
Til slutt kjem kveldssola
og lagar bakgrunnsfargen.
Snakk om styling.