mandag 8. januar 2018

Kunstis

Når temperaturen kryp under null
er vatnet i det kreative hjørnet
På små pyttar og dammar
lagar det seg ei utstilling
som nesten igen ser
eg fekk ei omvisning
heilt gratis
med kunstnaren 
ved mi side









søndag 10. desember 2017

blå tonar

Fjellet har tatt på lyddemping
berre den vakraste musikk høyrest
av snøfnugg 
som treff bakken
den finaste perkjusjon
spelar opp til høgtid
for ein stressa julemann










lørdag 25. november 2017

vinterfornemmelser



kald snø på nasa
kvitt og lyst i skogen
stille
blått
kvitt
ei kribling i kroppen
vinter på veg










lørdag 11. november 2017

sol i hav

haust
vestland
regn og vind
ein kveld var det stilt
og opplett
eg sleppte alt
køyrde vestover
mot hav 
mot sol
den skin enno







fredag 20. oktober 2017

Streif av Hardanger

ein og ein halv time 
på ei lita strand ved fjorden
der var runde vakre steinar
forma av ver og vind
og nokre raude ospeblad 
som hadde reke i land
gode leikekameratar 
for ein sliten bymann


















lørdag 17. oktober 2015

osp i stabel





Ein kort tur i dag, i ospeskogen,
på bakken låg vakre blad,
raude, grøne og gule.
Og innimellom var der eit blad frå i fjor,
det var nesten det vakraste,
og så var leiken i gong.