tirsdag 28. august 2012

Morgonstund 2










Tatt same morgon som forrige serie, men eit litt anna fokus, eller litt ute av fokus?  Eg trivest kanskje endå bedre med å ta denne type bilder, når det blir litt rundt i kantane. 







søndag 26. august 2012

Morgonstund







Vart vekt av vesle Luna på 2 månader sånn litt før fem om morgonen. Ho var jo svolten så klart. Etter å ha kikka ut glaset kunne eg ikkje gå tilbake til senga. Oppe på fjellet var det heilt stille, dogg overalt og skodde over vatna. I mange timar var eg heilt åleine i sommarmorgonen. Skal ikkje sova bort sommarnatta…

onsdag 15. august 2012

Metamorfose










Fjørlette vengeslag
lavmælt surring i graset
hemmelighetsfulle, vakre vesen
små under
kviskrar om øyeblikk
og evighet






onsdag 8. august 2012

Smått og stort i havgapet









Å gå langs havet gir noko av den same frihetskjensla som å gå på høgfjellet. Det gjer så godt med ein lang dag, berre rusla ein lang tur, kikka på det store åpne landskapet, og på dei ørsmå detaljane. Liggja litt på eit knudrete og varmt svaberg, plukka eit par blåbær, bli rusa på natur og skaparverk. Ingen ende på kva som finst av finurlige detaljar, sjå berre på halen til vassloppa, den er kunstferdig. Her ute finn eg det store og det små som sprengjer mitt eige litt forkrøpla perspektiv.