tirsdag 26. mars 2013

Mens vi ventar på våren









Eg ventar visst på blåveis i år også, og håpar det blir ein tur austover. Eg veit at den er overfotografert, men eg greier ikkje å la vera likevel. Blir ikkje lei av dei blå og kvite velforma små under som tittar fram bak det visne lauvet. Her er eit knippe frå tidlegare blåveis-safari. 

tirsdag 12. mars 2013

Finalist i IGPOTY 2012


http://www.igpoty.com/competition06/winners_thebeautyofplants.asp?parent=winners

Dette bildet vart finalist i International Garden Photographer of the year 2013 i kategorien The beauty of plants, og blir blant anna stilt ut i Bankside Gallery i London 8. - 13. juli. Bildet er tatt på Sotra, så langt vest mot havet som det går an å koma, og i vinterstormane slår bølgjene over staden der blomane står. Eg har vore her på stille sommardagar når havet er som ein spegel, og i vinterstorm med opp mot 20 meter høge bølgjer. Begge deler er ei oppleving.


søndag 10. mars 2013

Fugl og måne





Eg skulle eigentleg til Lofoten og fotografere nordlyset. Men vermeldigane var under ein kvar kritikk. Så då vart eg i sør. Det var ein fin kveld, sol og stilt. Solnedgangen var vakker, men bildene vart ikkje så spennande. Solnedgangar er vanskeleg å fotografera, blir ofte kjedelege bilder, sjølv om det er aldri så fint ute. Litt misfornøgd vandra eg vidare, runda eit nes, og såg fullmånen koma opp. Eg leika med månen og svanene til eg var altfor kald…