søndag 28. april 2013

Fine fuglar





Har tatt masse svanebilder denne vinteren. Sykla to mil, tatt svanebilder, blitt veldig kald, sykla to mil tilbake, blitt nesten varm igjen. Vanskeleg å ta fine bilder av så fine fuglar. Akkurat som med kvitveisen, dei vil ikkje gje frå seg skjønnheten sånn heilt utan vidare. Sikkert sama slekta.

lørdag 6. april 2013

Diffuse greier


I det britiske magasinet Digital Camera World sitt vårnummer (issue 137, side 18) fins eit lite intervju med meg der du kan få tips til korleis ta uskarpe blomsterbilder, hvis du har problem med at dei blir for skarpe… Bladet fins i ein del Narvesen-kioskar.


mandag 1. april 2013

Grøne draumar




I mangel på gode motiv leika eg i fjor sommar med å ta bilde gjennom små hol i grøne lauv. Passar litt til min eigen lengt etter våren. Vi skal jo ikkje klaga etter ein sånn påskeferie, men det er jo lov å gleda seg til våren likevel.