onsdag 12. mars 2014

Mosaikk




Ein kjapp tur på Ulriken i kveld innimellom alt anna. Strålande sol og vår på gang. Framleis litt is på vatn og pyttar der oppe. Is som smeltar lagar spennande mønster. Eg er litt hekta på sånne mønster, veit ikkje heilt kvifor, men det er jo uendeleg med former og linjer. Abstrakte og på ein måte litt utømmelege former. Mange vil nok sei at der burde vore eit punkt i bildet som ein kunne festa blikket på, kanskje dei har rett, men eg syns det er litt deilig når det ikkje er det også, så kan ein sjå på alle dei små detaljane og linjene.