mandag 9. februar 2015

etter stormen







Dagens tur i havgapet var med liten forventning. Det var grått overalt. Skodde, småregn og stille. 
Eg håpa at det var stilt heilt ut i havet, då kan det bli litt fine vassflater og speglingar å leika med.
Men då eg kom ut, blåste det akkurat litt for mykje for den type motiv.

Likevel godt å gå utover og bli friska opp av kaldt regn og sjøluft i ansiktet. 
Fotomotiv var det smått med.  

Plutseleg ser eg blå himmel inni skoddeheimen. Verken yr.no eller storm.no har meldt sol i dag. 
Men kjem du langt nok vest i havet er det ofte meir sol enn ein skulle tru. 

Det vart noken fine timar med skiftande sol og skodde og spennande lys. 

Etterkvart vart det nesten stilt med vinden. Likevel var der 3-4 meter høge bølgjer på havet. 
Dei fortalde at det hadde vore ein heftig storm for ei tid sidan. 

Godt når det blir stille så lenge at gamle stormbølgjer omsider får finna ro.