fredag 20. oktober 2017

Streif av Hardanger

ein og ein halv time 
på ei lita strand ved fjorden
der var runde vakre steinar
forma av ver og vind
og nokre raude ospeblad 
som hadde reke i land
gode leikekameratar 
for ein sliten bymann